Jeg har vært ute og handlet - tilløp til køer og kaos alt. Jeg snakker mat butikken altså! Og en og annen nisselue…
Er du omgitt av mennesker med nisselue på? Eller sånne reinsdyr-horn-hårbøyle? Jeg falt for denne teksten av Are Kalvø ; 
Jula på sitt vakraste Eg kjenner at tida er inne for ei spalte med bodskap.
Fuglane skal vite at det er lenge sidan sist.
Førjulstida er undervurdert og varer ikkje lenge nok. Problemet er ikkje at trøtte kontoristar tek på seg finstasen og går ut for å drikke for mykje akevitt saman ein gong i året. Problemet er at vi ikkje gjer det oftare.
Eg veit at eg ikkje har alle med meg i dette.
Eg veit det finst folk som blir arge både av fulle kontoristar og julegåvekjøp, spesielt om det kjem på toppen av slaps, fulle kjøpesenter, endelause drosjekøar, ein million årsavslutningar og Josh Grobans siste frå skjulte høgtalarar overalt.
Eg har sjølvsagt ei viss forståing for at folk ikkje liker slikt. Eg har ikkje forståing for at folk ikkje liker noko av dette, om eg skal vere ærlig. Men Josh Groban og slaps er eg med på.
Men jula handlar om å sjå stort på ting. Om å vere mild og i godt humør. Og om tre. Og barn som blir forlagt i ein stall.
La oss derfor fokusere på ein annan førjulstradisjon. Ein som handlar om glede. Ein som får deg til å smile.
Det skjer kvart einaste år i starten av desember, omtrent samtidig med at fredsprisvinnaren kjem til å Oslo for å gjere det fredsprisvinnarar gjer: Svare på spørsmål om Norge, helse på Mette-Marit, stusse over kor ekstremt sakte Nobelkomiteens leiar Ole Danbolt Mjøs snakkar, stusse over kor rart Nobelinstituttets direktør Geir Lundestad snakkar, sitte i Oslo Spektrum under Nobelkonserten, klappe i utakt og lure på kva Morten Harket eigentlig har i dette selskapet å gjere.
Omtrent samtidig med alt dette skjer det noko anna. Noko vakkert.Folk begynner å gå med julenisseluer på jobb. Du ser dei i butikken. Du ser dei i kantiner på og på kafear. Dei gjer heilt vanlige ting. Tek betaling, spør om du treng pose, serverer mat, svarer på spørsmål, stablar ting. Dei har på seg det dei vanligvis har på seg på jobb. Og ei nisselue. Eg blir alltid i godt humør av dette. Det blir sjølvsagt ikkje nødvendigvis dei som blir tvinga til å gå med nisselue på jobb berre fordi det er desember, men det er noko av moroa. Det at nisseluene er malplasserte, og at folk med nisselue ikkje nødvendigvis er i betre humør eller meir i høgtidsstemning enn folk utan, er noko av grunnen til at dette er vakkert.
Uansett kva du gjer med ei nisselue på hovudet, så er det vanskelig å ta det heilt alvorlig. Uansett kva du gjer med nisselue, så vil det verke rart og komisk. Og det er akkurat det som er så fint.Eg liker tanken på at det kanskje også er slik på andre arbeidsplassar. Ikkje på butikkar og kafear og andre stader der folk er innom. Ikkje berre dei vi ser.
Eg liker å tenke at det er likedan på hovudkontoret til store bankar, i samferdselsdepartementet, i Nav. Sjå for deg ein svært maskulin bilmekanikar i nisselue.
Eg liker å tenke at saksbehandlarar sit der ved PC-ane sine med alvorlige ansikt og nisselue.
Eg liker å sjå for meg mellomleiarar i store konsern som sitt der og diskuterer strategi i nisselue.
Det er umulig å ta dei alvorlig.
Det er vakkert det.
- Are Kalvø.
No comments
Posted in Funderinger
Written on Thu, 20 December 2007 at 2:25 pm
Tags: akevitt, are kalvø, budskap, glede, humør, jul, nisselue
If you liked this post, then consider subscribing to our full RSS feed.

Leave a Reply